Meny

Møt Vestlandets investormiljø i Førde

Eit stort investornettverk aukar attraktiviteten for gründerar, gjev høve til større innsats og dermed raskare vekst. Med andre ord akkurat det me treng for å skapa bedrifter som kan veksa seg ut av Norge fortare enn svint.

  • Sted: Peak Sunfjord, Førde
  • Tid: 19. september kl. 18:00-21:00
  • Arrangør: Connect Vest, Connect Business Angel Network, Kunnskapsparken Vestland, Peak Venture og Aaretak.

Connect Vest og Connect Business Angel Network ynskjer å invitera DEG med på investorlaget. Saman med Peak Venture, Aaretak og Kunnskapsparken Vestland inviterer me alle som er nysgjerrige på å investera i tidlegfase til ei uformell samling i Førde, kvelden før Kapitaldagen.

Vestland treng fleire vekstselskap

Utan tidlegfaseinvestorar stoppar Norge. Vår region treng fleire vekstselskap, og me må få til endå betre samhandling mellom alle som er opptekne av at gode gründarar skal lukkast. Auka samhandling rundt gode caser, aukar sjansane for at selskapa skal få suksess. Me har fleire døme på oppstartselskap som i tidleg fase har fått med seg lokale investorar på laget, som Tibber, n’Link, Evoy, Norse Feedback, Rocketfarm og Eduplaytion. Ein annan suksesshistorie er Bergen Carbon Solutions som gjekk på Euronext Growth i april 2021.

Program: Investorkvelds

DESSE KJEM! Frå venstre øvst til nederst: Thomas Berge (Peak Venture), Sindre Kvalheim (VYRD og Aaretak) og Janicke Allers (Aaretak og Connect BAN). Frå høgre øvst til nederst: Marcus Andreas Olsen og Jan Børge Sagmo (begge frå Connect BAN).

I samband med Kapitaldagen i Førde 20. september, inviterer me deg som investor og deg som ynskjer å bli investor, til kvelds kvelden før dagen. Det vert mingling, mat og drikke.

  • 18:00 Velkomen ved  Marcus Andreas Olsen i Connect Business Angel Network, Thomas Berge i Peak Venture og Janicke Allers i  Aaretak.
  • Runde rundt bordet, alle gjester får 2 min til å presentera seg og sin investeringsstrategi.
  • Mingling og mat, før me  avsluttar rundt kl 21.00

Velkomen!

Meld deg på sjølve Kapitaldagen i Førde den 20. september  her