Meny

Møt Connect BAN i Førde

Connect ønskjer å invitere deg med på investorlaget! I samarbeid med Aksello og Kunnskapsparken Vestland, vil vi samle tidlegfaseinvestorane i heile Vestland til eit Connect Business Angel Network. Nysgjerrig? Møt oss i Førde 14. september.

  • Sted: Peak Sunfjord, Førde
  • Tid: 14. september kl. 19:00-21:00
  • Arrangør: Connect Vest, Connect BAN, Aksello, Kunnskapsparken Vestland og PWC

I april i år gjekk Bergen Carbon Solutions på Euronext Growth, og selskapet er verdsett til ca 1,2 mrd kroner pr. i dag. Selskapet, som byrja som ei bacheloroppgåve frå Høgskulen på Vestlandet i 2016, kom til Connect BAN i 2018 og fekk med seg 5 investorar på laget.

Vi har fleire døme på oppstartsselskap som i tidleg fase har fått med seg lokale investorar på laget, som Tibber, n`Link, Evoy, Norse Feedback, Rocketfarm og  Eduplaytion. 

Utan tidlegfaseinvestorar stoppar Norge

Connect ønskjer, i samarbeid med Aksello og Kunnskapsparken Vestland, å samle tidlegfaseinvestorane i heile Vestland i eit Connect Business Angel Network. Vi vil tilby ein felles arena for casepresentasjonar og samhandling.

Eit stort investornettverk aukar attraktiviteten for gründerar, gjev høve til større innsats og dermed raskare vekst. Med andre ord akkurat det vi treng for å skape bedrifter som kan vekse seg ut av Norge fortare enn svint.

Møt oss i Førde

I samband med Kapitaldagen i Førde 15. september, inviterer vi deg som investor til kvelds/vorspiel og eit uformelt møte med Connect BAN kvelden før dagen. Tysdag 14. september kl. 19-21 håpar vi å sjå deg på Peak Sunnfjord i Førde.


Tidlegfaseinvestorane Hans Petter Torsvik og Agathe Bøe Risa fortel om Connect BAN.

Program

  • 19:00 Velkommen ved Kjetil Kvåle (KPV) og Gøril E Selvik (Connect Vest)
  • 19:05 Kva er Connect og kva tilbyr Connect BAN deg som investor? Møt nokre av våre investorar: Agathe Bøe Risa og Hans Petter Torsvik
  • 19:30 Mingling (Vi avsluttar rundt kl 21.00)

Vi håpar du har lyst og høve til å bli betre kjent med oss, og gledar oss til å bli betre kjent med deg.

Velkomen!

Meld deg på sjølve Kapitaldagen den 15. september  her: https://www.kapitaldag.no/

Connect Investormøte vert arrangert i samarbeid med våre partnarar: